Effekt i vasskraft er eit produkt av vassmengda og fallhøgda. Teknologien i eit vasskraftverk skal hente ut størst mogleg energi frå vatnet og gjere den om til elektrisitet.
Dette blir gjort ved å overføre den mekaniske energien til rotoren i ein generator. I generatoren vil magnetfelt og koparspoler i rørsle skape indusert straum. I Tyssedal skulle ein produsere kraft med vatn frå stor høgd, under svært høgt trykk. Dette var internasjonalt pionerarbeid.
Her ser vi terrenget der røyrgata ligger, høgdeforskjellen frå topp til bunn er på 400 meter og lagar eit stort trykk på vatnet. Foto: AS Tyssefaldene/NVIM
Maskinene eller aggregata består av ein eller fleire turbinar bunde saman med ein generator via ein aksel. Ulike produsentar leverte maskinene til dei forskjellige byggjetrinna ved anlegget.
Johnny Våde, tidlegare arbeidar på AS Tyssefaldene, demonstrerer korleis ein starta opp eit aggregat i Tysso 1 då kraftverket var i drift.
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum