Vasskrafta

Søk

Du er her:

Aggregata i kraftstasjonen

Maskinene eller aggregata består av ein eller fleire turbinar bunde saman med ein generator via ein aksel. Ulike produsentar leverte maskinene til dei forskjellige byggjetrinna ved anlegget.

Midt på biletet ser vi ein dobbelturbin som er bunde saman med generatoren til venstre via akslingen.
Foto: AS Tyssefaldene/NVIM

 

Aggregata kom med skip til Tyssedal. Sveitsiske Escher Wyss leverte dei første røyrleidningane og Pelton-turbinane. Frå Almänna Svenska Aktiebolaget (ASEA) kom generatorane. Ved seinare byggjetrinn fekk ein utstyr frå Siemens Schuckert (Tyskland), British Westinghouse (Storbritannia), Piccard & Pictet (Sveits), The Pelton Water Wheel Co og Westinghouse Pittsburg (USA).

Dei første 6 Aggregata som var klare til oppstart i 1908 hadde ein på 20 MW. I 1909 starta utvidinga av Tysso I og fleire og større maskiner kom på plass slik at effekten vart utvida til 100 MW.

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum