Utbygginga av den første kraftstasjonen på Valen starta i 1908 og i 1910 stod den klar til å levera straum asylet på Valen. Kraftverket produserte likestraum og var ein del av ei stor satsning av Søndre Bergenhus amt (Hordaland fylke frå 1919) i høve utbygginga av Valen asyl som eit av dei første offentlege instiusjonar med elektrisk oppvarming.
Den eldste kraftstasjonen på Valen. Foto: Dag Endre Opedal/NVIM
Behovet for meir straum til sjukehuset på Valen, gjorde at Hordaland fylke i 1937 gjekk inn for utbygging av ny kraftstasjon på Valen. Inntaket vart no frå Svartetjødno, fallhøgda vart større og produksjonen utvida. På 50-talet la ein om frå likestraumsproduksjon til vekselstraum og i perioden 1954-56 utvida ein kraftstasjon 2, både bygningsmessig og nye maskiner.
Kraftstasjon 2 på Valen. Foto: Harald Hognerud/NVIM
Valen kraftverk vart bygd i fleire etappar få 1908 for å gje elektrisk straum til Valen sjukehus, som var i drift frå 1910. Valen sjukehus var ein av dei første offentlege institusjonane i Norge som fekk eige kraftverk, og som baserte seg på elektrisk oppvarming.
I 2002 overtok staten ansvaret for sjukehusa. Valen sjukehus vart ein del av det statlege føretaket Helse Fonna, men garden og kraftverket vart skilt ut og framleis Hordaland fylkeskommune sin eigedom.
I 2007-2008 vart det bygt ny kraftstasjon igjen, og no stod tre stasjonar side om side. Stasjon 3 fekk ei utforming skapt for si tid, med maskinsal i eit kvadraktisk betongbygg med store glasflater. I dag har Kvinnherad Energi driftsansvaret.
Kraftstasjonen ligg plassert ved sidan av den eldstre kraftstasjonen frå 1910. Foto: Harald Hognerud/NVIM
Valen kraftverk består av tre kraftstasjonar. Kraftstasjon 1 frå 1910 - 1956, kraftstasjon 2 frå 1939 - 2008 og kraftstasjon 3 frå 2008 som er den einaste som er i drift i dag. Her får du historia til dette anlegget som vart bygd for å forsyna Valen sjukehus med elektrisitet. Arbeidet med historia til Valen kraftverk er gjort av Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum på oppdrag av eigaren Hordaland fylkeskommune, med god hjelp av lokale eldsjeler i Valestiftinga. Om du vil lesa rapporten i heilskap, finn du denne under dokumentasjon.
Valen kraftstasjon fotografert i 2015. Foto: Harald Hognerud/NVIM
Valen kraftverk er eit magasinkraftverk som er bygt ut i fleire etappar over ein lang periode i frå byggestart i 1908 og fram til den nyaste kraftstasjonen tok over produksjonen i 2008. Vi vil ta for oss det tekniske bak dei to første kraftstasjonane frå høvesvis 1910 og 1939.
Her kan du sjå intervju med informanter som har jobba med Valen kraftverk og sjukehuset. Opptaka er gjort i samband med dokumentasjon av historia til Valen kraftverk. Intervjua er utført av Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum. Til saman er det 1 time og 3 minutt med opptak.
I 2015 gjennomførte Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum feltarbeid i dokumentasjonsprosjektet av Valen kraftverk. Foto vart tatt både frå bakken og frå lufta, frå kraftstasjonane og av dammane ute i terrrenget.
Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum (NVIM) har utført ein dokumentasjon av historia til Valen kraftverk på oppdrag for eigaren Hordaland fylkeskommune. I tillegg har Valestiftinga sitt bidrag vore viktig i arbeidet.
Kart over bygg og utvalde kulturminne relatert til Valen kraftverk
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum