Kor mykje vatn renn i elva mi tru, og kor stort bør kraftverket vera? Mat inn data i kalkulatoren.
Eit minikraftverk på t.d. 10 kW vil i løpet av eit år gi over 80 000 kWh, som er nok til å dekkje forbruket på dei fleste gardsbruk. Under forbrukstoppane må ein midlertid rekne med å måtte kjøpe litt straum, medan ein gjerne sel til e-verket i overskotsperiodar.
Kor mykje kraft du kan få ut av eit anlegg varierer enormt, og er avhengig av dei vala ein gjer. Rett dimensjonering av eit anlegg er avhengig av gode grunnlagsdata.
Grunnlagsdata, også kalla hydrologiske data fortel kor mykje vatn som renn i vassdraget og korleis vassmenga varierer både gjennom sesong og over kortare intervallar. Berre innanfor eitt døgn kan vassmengda endre seg med fleire 100 %.
Les meir på www.jordbruk.no, m.a. med utrekningar, klikk og rull ned til "Dimensjonering av småkraftverk"
Korleis måla vassmengd i bekken din? Er det meir vatn enn du kan fanga opp i nokre bøtter på nokre sekund kan du nytta metoden til Isabella og Ingvild i Gammelåa :) Skriftleg rettleiing
Prøv kraftkalkulator for dimensjonering av røyrdiameter, og stipulering av effekt.
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum