Mange land- og skogeigedomar har vassfall (elv/vassdrag) som økonomisk kan væra freistande å utnytta. Ein kan selja fallrettane til e-verket, og få ein eingongsbetaling eller kan byggja sitt eige kraftverk. Då kan ein enten vera sjølvforsynt med straum, eller tena pengar på sal av straum. Det er ein omfattande prosess å etablera eit kraftverk. Det tek tid, kostar kroner og miljø.
Kostnadsramma for små kraftverk kan variera frå omlag 10 millioner kroner til over 150 millioner.
Det store arbeidet med å etablera kraftverk er ikkje minst i forarbeid før sjølve bygginga kan starta. Eigar kan gjera deler av arbeidet med etablering sjølv, eller leiga eit firma som tilbyr tenester som forundersøking, prosjektering, konsesjonssøknad, utbygging og drift. Det er også opp til eigar å gjera avtaler for evt. fordeling av eigarskap og utbytte. I lenkene på høgre side finn du meir informasjon om småkraftverk.
Kjelder: www.jordbruk.info og kraftverk.net
Prosess fra første skisse og fram til drift av små kraftverk kan vi dele i 5 faser med ulike utfordringer og tidsbruk.
Kor mykje vatn renn i elva mi tru, og kor stort bør kraftverket vera? Mat inn data i kalkulatoren.
Hva kan jeg som grunneiger gjøre selv? Hva må jeg ha kvalifisert bistand til?
Kven har fallrett/eigarskap i vassdraget? Korleis skal vi organisera eit kraftselskap, kanskje som AS?
Tekniske og politiske variablar, ikkje minst i driftsfasen kan føra med seg økonomisk risiko. På den andre sida har vi ei stønadsordning med grønne-/elsertifikat.
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum