Saltfjellet/Svartisen vart forelått som nasjonalpark i landsplanen for nasjonalparker 1964. Dette er eit av dei siste forslaga i planen som vert gjennomført og det skuldast dei store vasskraftressursane i området.
Då Stortinget handsama Verneplan I for vassdrag i 1973, skulle det gjennomførast konsesjonshandsaming av kraftpotensialet i Saltfjellet/Svartisenområdet parallelt med oppretting av nasjonalparken, og Saltfjellsvassdragene blei tatt ut av verneplanen i 1973. Samstundes vart "Folkeaksjonen Spar Saltfjellet" oppretta. Folkeaksjonen var saman med Naturvernforbundet det viktigaste talerøyret til verneinteressene. Landsplanen for nasjonalparkar frå 1986 anbefalte oppretting av nasjonalpark, men gjennomføringa blei utsett til spørsmålet om vasskraftutbygging var avklart.
I Samla Plan for Vassdrag blei utbygginga redusert, men verneområdet er eit kompromiss. Ein brukar av området har oppsummert det slik: Saltfjellet ble nasjonalpark i 1989. Som mange husker var det foreslått store kraftubyggingsplaner i området Saltfjellet / Svartisen på slutten av 1970-årene. Heldigvis unngikk man dette. I motsatt fall ville sannsynligvis resultatene vært et Saltfjell som ikke ville lignet på det vi i dag kjenner som Saltfjellet. (http://www.gmsys.net/jcm/salt2.htm)
Kompromisset inneber at område med store naturverdiar, m.a. kalksteinsgrottene i Glomdalen, er utan tilfredsstillande vern.
Kjelder: Store Norske Leksikon: http://snl.no/Saltfjellet-Svartisen_nasjonalpark Kulturminner i norsk kraftproduksjon (KINK), NVE 2006
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum