Vasskrafta

Søk

Du er her:

Heimfall – eller kven som har rett til å eige vasskrafta?

Heimfall betyr kort og godt at retten til å regulere vassdrag for produksjon av elektrisk kraft blir overtatt av staten den dagen konsesjonsperioden går ut. Konsesjon er eit løyve ein får av staten for ein bestemt tidsperiode. Kva ein har lov til eller ikkje er bestemt av strenge reglar.

Bakgrunnen for at konsesjonslovane med prinsippet om heimfall blei innført, var å hindre at den viktige naturressursen som vatnet var og er for Noreg ikkje skulle falle på utanlandske hender.

Det første selskapet i Noreg som ble underlagt heimfall var AS Kinservik i 1907. Sidan den gong har lovverket stort sett følgt dei same prinsippa utan store diskusjonar heilt fram til 2001. I lovverket fra 1909 og framover, skilde dei mellom private og offentlege aktørar. Det vart berre dei private som fekk ei avgrensa tidsperiode og krav om heimfall. Dette fekk   "EFTA Surveillance Authority (ESA)"  til å reiste spørsmål om denne  forskjellsbehandlinga i norsk heimfallsordning var i konflikt med reglane i  EØS-avtalen om fri etableringsrett og frie kapitalstraumar.

A/S Kinservik var første selskap underlagt heimfall, her ved kraftverket Kinso

Vår norske ordning blei altså storpolitikk i Europa. I 2004 kom difor heimfallsutvalet med framlegg til endringar i det norske lovverket som vert kalla "Heimfallsinstituttet".

Om vi samanliknar debatten som gjekk føre seg i aviser for hundre år sidan da prinsippet om heimfall blei introdusert i Noreg  og debatten i vår tid med utgangspunkt i Heimfallutvalet si innstilling frå 2004, får vi fram eit spennande bilete på norsk økonomisk politikk gjennom 100 år. Kva for argument blei brukt i dei to periodane og kva for konsekvensar trudde dei at endringar kunne få? På denne måten blir det mogleg å seie noko om kvifor man får endringar i viktige samfunnsinstitusjonar og haldningar til vasskraftressursane.

Trekkjer vi dette enda lenger, kan vi kanskje og stille oss spørsmålet om kva verknad desse prosessane og har hatt for den andre "gullalderen" i norsk moderne økonomiske historie - nemleg oljealderen.

 

Stein Haugen, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum