Hei! Ordlista er rykande fersk og under oppbygging, mange nye ord og forklaringar vert lagt ut i desse dagar :)
Den maksimale vassmengda eit kraftverk/aggregat kan ta imot og nytta til straumproduksjon. Vert oppgitt i m3/s (kubikkmeter per sekund).
Spenning er eit uttrykk for kva trykk/arbeidskapasitet elektrisiteten/straumen i leiaren har. Kan samanliknast med trykket i ein vasslange, men her elektrontrykket. Måleeininga for spenning er volt, (V). Sjå også artikkel "Og litt meir om elektrisk spenning".
Metallleidning vikla fleire runder tett saman, liknande ein taukveil. Kan nyttast til straumproduksjon, eller til magnet (elektro-). Meir effektiv jo fleire viklingar (fleire elektron vert påverka). Sjå også ordet Elektromagnet.
Den delen (spole/magnet) i ein generator som står i ro. Rotoren er den andre delen, som altså roterar.
Består i hovudsak av steinmasser (minst 50%) og i dag har dei vanlegvis ein kjerne av morene som er tett. Ein kan og bruka asfalt eller betong som tetningsmasse. Den største i Norge er Oddatjørndammen i Rogaland som er 142 meter høg.
Den energien ein lekam/masse har pga høgd (mulighet til å falle og oppnå fart/utføra eit arbeid) eller form/stilling (td. ein strikk), også kalla potensiell energi. Døme er vatn i eit høgdemagasin. Formel E = m x g x h Nemning er Joule.
Straum, som elektrisitet, er elektron som rører seg synkront i ein leiar, energi vi kan nytta, td. til å driva elektriske apparat. Tal ampere (A) er eit mål for straumstyrken, elektrisitetsmengda, eller tal elektron som passerer eit tverrsnitt av leiaren per sekund. Straumstyrken er tilsvarande vassmengda som passerer i ein slange. Sjå orda "Veksel-/Likestraum", og "Induksjon".
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum