Hei! Ordlista er rykande fersk og under oppbygging, mange nye ord og forklaringar vert lagt ut i desse dagar :)
Kunstig (oppdemt), eller naturleg vassbasseng, buffer, oppsamling av vatn oftast i høgden/fjellet. Produksjonen av straum vert regulert via mengda vatn ein let renna nedover i røyrgata og inn på aggregatet (kraftanlegget).
Vatn blir lagra i høgden, demt opp til magasin. I røyrgate med stor fallhøgd ned til turbinhjulet blir vasstrykket stort, og behovet for vassmengd vert tilsvarande mindre. Gunstig å lagra vatn sidan ikkje ikkje kan lagra straum i store mengder.
Midlere årsproduksjon, eller årlig middelproduksjon/årsproduksjon, er gjennomsnittlig årlig produksjonsevne i eit vasskraftverk. Frå 2012 er det perioden 1981-2010 som utgjer grunnlaget. Før 2012 var det perioden 1970-1999 som låg til grunn. Midlere årsproduksjon vert oppgitt i GWh (millionar kilowattimar).
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum