Vasskrafta

Søk

Du er her:

Ordliste

 

Hei! Ordlista er rykande fersk og under oppbygging, mange nye ord og forklaringar vert lagt ut i desse dagar :) 

 

Hertz Hz

Nemning for frekvens, forkorta Hz. Syner kor mange gonger elektrona i ein leiar med vekselstraum svinger (synkront) fram og tilbake per sekund. Målingar av spenning i leiaren vil syna tilsvarande svingningar. Avteikna vil svingningane syna ei sinuskurve. Til husa våre får vi vekselstraum/-spenning med frekvens 50 Hz (hertz) (50 svingningar per sek.).

Hestekrefter Hestekrefter

Måleeining for effekt (hk). I dag er det meir vanleg å måla effekt i watt. Ein hestekraft tilsvarar 0,736 kW.

Hydrologi

Læra om vatn, forekomst, eigenskapar. krinsløp, nedbør, fordamping, avrenning, snø og is, på jorda, i atmosfæren og i havet, gjensidig påverknad av menneskeleg aktivitet.

Høgspenning Høgspent, Høyspent

Elektrisitet med spenning høgare enn 1000 V vekselstrøm, og 1500 V likestrøm.

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum