Hei! Ordlista er rykande fersk og under oppbygging, mange nye ord og forklaringar vert lagt ut i desse dagar :)
I fysikken vert energi definert som evne til å utføra arbeid. Effekt tek også omsyn til tidsbruken. For å utføra eit arbeidet raskt krevst det stor effekt. Elektrisk effekt = spenning x strøm (P=UxI) Nemning er watt (W). Sjå også artikkel "Effekt II".
Elektrisitet, som straum, er elektron som rører seg synkront i ein leiar, energi vi kan nytta, td. til å driva elektriske apparat. Sjå også ordet "Straum".
Når straum passerer i ein leidning kan vi måla eit spenningsfelt rundt leiaren, dette virkar magnetisk. Mykje leidning kveila saman (spole), og sterkare straum, vil gje sterkare felt/magnet. I motsetnad til ein permanent magnet kan me slå av og på ein elektromagnet. Nytta td. i kraner, og i generatorar der me treng sterk magnetisme.
Elektron er del av atomet, neg. ladde og svirrer rundt den pos. atomkjernen, lar seg påverka av magnetfelt.
Utan nevneverdig dam/lagringsmagasin, produksjon av straum er avhengig av vannstanden i elva til ein kvar tid. Som regel liten fallhøgd, difor avhengig av stor vassmengd.
I fysikken er energi definert som evna til å utføra arbeid, dvs endra noko. Energien som vert lagt i eit arbeid er lik produktet av kraft x veg, eller effekt x tid. Nemning vert Nm (Newtonmeter), J (joule), og i elektrisitetssamanheng Wh. Sjå også ordet Energiformer.
Sjå også ordet Energi. Energi kan ikkje skapast eller forsvinna, berre endrast frå ei form til ei anna. Døme på energiformer: stillingsenergi, rørsleenergi, elektrisk energi, kjemisk energi, varme.
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum