Hei! Ordlista er rykande fersk og under oppbygging, mange nye ord og forklaringar vert lagt ut i desse dagar :)
Turbin saman med generator vert omtala som aggregat.
Forsyning, eller overføring av elektrisk energi til hushaldningar, oppvarming, vanlige bedrifter osv., dvs all forsyning utanom til den kraftkrevande industrien.
Ampere er måleeininga for straumstyrke, forkorta skriv vi A. Sjå også ordet "Straum".
I daglegtale ofte kalla Demning. Kunstig oppbygd sperre av vassdrag for oppsamling til vassmagasin.
I daglegtale også kalla Dam. Kunstig oppbygd sperre i vassdrag for oppsamling til vassmagasin.
Liknande generator, særleg når det vert produsert likestraum, inneheld spole og magnet, gjer om mekanisk/rørsle energi til elektrisk energi. Les også ordet Induksjon.
I fysikken vert energi definert som evne til å utføra arbeid. Effekt tek også omsyn til tidsbruken. For å utføra eit arbeidet raskt krevst det stor effekt. Elektrisk effekt = spenning x strøm (P=UxI) Nemning er watt (W). Sjå også artikkel "Effekt II".
Elektrisitet, som straum, er elektron som rører seg synkront i ein leiar, energi vi kan nytta, td. til å driva elektriske apparat. Sjå også ordet "Straum".
Når straum passerer i ein leidning kan vi måla eit spenningsfelt rundt leiaren, dette virkar magnetisk. Mykje leidning kveila saman (spole), og sterkare straum, vil gje sterkare felt/magnet. I motsetnad til ein permanent magnet kan me slå av og på ein elektromagnet. Nytta td. i kraner, og i generatorar der me treng sterk magnetisme.
Elektron er del av atomet, neg. ladde og svirrer rundt den pos. atomkjernen, lar seg påverka av magnetfelt.
Utan nevneverdig dam/lagringsmagasin, produksjon av straum er avhengig av vannstanden i elva til ein kvar tid. Som regel liten fallhøgd, difor avhengig av stor vassmengd.
I fysikken er energi definert som evna til å utføra arbeid, dvs endra noko. Energien som vert lagt i eit arbeid er lik produktet av kraft x veg, eller effekt x tid. Nemning vert Nm (Newtonmeter), J (joule), og i elektrisitetssamanheng Wh. Sjå også ordet Energiformer.
Sjå også ordet Energi. Energi kan ikkje skapast eller forsvinna, berre endrast frå ei form til ei anna. Døme på energiformer: stillingsenergi, rørsleenergi, elektrisk energi, kjemisk energi, varme.
Den loddrette avstanden mellom vassoverflata ved inntak til røyrgata og utløpet der vasstråla treff turbinhjulet. Høgda gjer at det byggjer seg opp stort trykk nedover i vassøyla inni røyrgata.
Energi/-kjelder menneska ikkje bruker opp fordi dei fornyer seg stadig, får tilført ny energi. Døme: sol, vind, vassfall, tidevatn, bølge, jordvarme, osmose.
Francis-turbin er den eldste turbintypen i vanleg bruk i dag, og den mest brukte i norske kraftverk.
Syner kor mange gonger elektrona i ein leiar med vekselstraum svinger (synkront) fram og tilbake per sekund. Målingar av spenning i leiaren vil syna tilsvarande svingningar. Avteikna vil svingningane syna ei sinuskurve. Til husa våre får vi vekselstraum/-spenning med frekvens 50 Hz (hertz) (50 svingningar per sek.).
Mål på kor stor del av eit vassmagasin som er fylt med vatn, så vi veit kor mykje vatn vi har til disposisjon til kraftproduksjon. Vert oppgitt i prosent. Avhengig av tilrenning og forbruk. NVE oppgir ferske mål kvar veke.
Generatoren (tilsvarende dynamo) står inne i kraftstasjonen, inneheld spole og magnet, gjer om mekanisk/rørsle energi (via aksling frå turbinhjulet) til elektrisk energi. Les også ordet Induksjon.
Nemning for frekvens, forkorta Hz. Syner kor mange gonger elektrona i ein leiar med vekselstraum svinger (synkront) fram og tilbake per sekund. Målingar av spenning i leiaren vil syna tilsvarande svingningar. Avteikna vil svingningane syna ei sinuskurve. Til husa våre får vi vekselstraum/-spenning med frekvens 50 Hz (hertz) (50 svingningar per sek.).
Måleeining for effekt (hk). I dag er det meir vanleg å måla effekt i watt. Ein hestekraft tilsvarar 0,736 kW.
Læra om vatn, forekomst, eigenskapar. krinsløp, nedbør, fordamping, avrenning, snø og is, på jorda, i atmosfæren og i havet, gjensidig påverknad av menneskeleg aktivitet.
Elektrisitet med spenning høgare enn 1000 V vekselstrøm, og 1500 V likestrøm.
Impulsturbinar (fristråleturbinar) treff vatnet turbinen i friluft.
Alias:(Impulsturbinar)
Produksjon av straum/elektrisitet ved at elektron i ein leiar vert sett i rørsle av eit magnetfelt.
Installasjon, installert effekt eller installert ytelse er den effekt turbin eller generator er dimensjonert for, jamfør maksimal ytelse. Oppgis vanlegvis i megawatt (MW)
Kaplan-turbinen nyttar ein ved lave fallhøgder og store vassmengder.
Ein lekam/masse si evne til å utføra eit arbeid pga farta den har, også kalla rørsleenergi. Formel E = 1/2m x v2 Nemning er joule (J).
Vatn dampar, mykje pga. varme frå sola, dampen kondenserar i høgare luftlag som er kaldare. Me ser dette som skyar, vatnpartiklane slår seg saman til dei fell ned som regn, elvar renn tilbake til vatn/hav. Krinsen er slutta.
Elektrisk energi med spenning lågare enn 1000 V vekselstrøm og 1500 V likestrøm
Når det går straum i ein leiar (elektrona rører seg) oppstår samstundes eit spenningsfelt, målt i volt (V). Ved likestraum (når elektrona vandrar berre i ein retning) er likespenninga konstant. Dette i motsetnad til vekselspenninga som svinger mellom pos. og neg. verdi.
Elektron i rørsle gjennom ein leiar, frå negativ til positiv pol. Straumretning likevel definert motsett, frå pluss til minus. Sjå også ordet Straum.
Kunstig (oppdemt), eller naturleg vassbasseng, buffer, oppsamling av vatn oftast i høgden/fjellet. Produksjonen av straum vert regulert via mengda vatn ein let renna nedover i røyrgata og inn på aggregatet (kraftanlegget).
Vatn blir lagra i høgden, demt opp til magasin. I røyrgate med stor fallhøgd ned til turbinhjulet blir vasstrykket stort, og behovet for vassmengd vert tilsvarande mindre. Gunstig å lagra vatn sidan ikkje ikkje kan lagra straum i store mengder.
Midlere årsproduksjon, eller årlig middelproduksjon/årsproduksjon, er gjennomsnittlig årlig produksjonsevne i eit vasskraftverk. Frå 2012 er det perioden 1981-2010 som utgjer grunnlaget. Før 2012 var det perioden 1970-1999 som låg til grunn. Midlere årsproduksjon vert oppgitt i GWh (millionar kilowattimar).
Nedbørfeltet er det området tilsiget til vassdrag eller kraftstasjon skjer frå.
Den energien ein lekam/masse har pga høgd (mulighet til å falle og oppnå fart/utføra eit arbeid) eller form/stilling (td. ein strikk), også kalla stillingsenergi. Døme er vatn i eit høgdemagasin. Formel E = m x g x h Nemning er Joule.
Alias:(Poptensiell energi)
Reaksjonsturbinar (fullturbinar) er heilt fylte med vatn.
Sjå orda Regulert vassdrag, og Magasin.
Vassdrag kan vera regulerte for fleire omsyn, men på denne nettstaden handlar det om vassdrag inkl nedbørsfelt som forsyner kraftverk og har fått endra retning eller mengd vatn, slik at det ikkje lenger er slik det var opprinneleg/naturleg. Årsak til regulering er ofte for å samle/regulere vatn til/fra magasin. Sjå også ordet Magasin.
Den delen (spole/magnet) i ein generator som roterar. Statoren er den andre delen, som altså står i ro.
Ein lekam/masse si evne til å utføra eit arbeid pga farta den har, også kalla kinetisk energi. Formel E = 1/2m x v2 Nemning er joule (J).
Røyr som leier vatnet frå dam og ned til turbinhjul, må tåla stort trykk.
Røyrturbinar bruker ein ved lave fallhøgder.
Den maksimale vassmengda eit kraftverk/aggregat kan ta imot og nytta til straumproduksjon. Vert oppgitt i m3/s (kubikkmeter per sekund).
Spenning er eit uttrykk for kva trykk/arbeidskapasitet elektrisiteten/straumen i leiaren har. Kan samanliknast med trykket i ein vasslange, men her elektrontrykket. Måleeininga for spenning er volt, (V). Sjå også artikkel "Og litt meir om elektrisk spenning".
Metallleidning vikla fleire runder tett saman, liknande ein taukveil. Kan nyttast til straumproduksjon, eller til magnet (elektro-). Meir effektiv jo fleire viklingar (fleire elektron vert påverka). Sjå også ordet Elektromagnet.
Den delen (spole/magnet) i ein generator som står i ro. Rotoren er den andre delen, som altså roterar.
Består i hovudsak av steinmasser (minst 50%) og i dag har dei vanlegvis ein kjerne av morene som er tett. Ein kan og bruka asfalt eller betong som tetningsmasse. Den største i Norge er Oddatjørndammen i Rogaland som er 142 meter høg.
Den energien ein lekam/masse har pga høgd (mulighet til å falle og oppnå fart/utføra eit arbeid) eller form/stilling (td. ein strikk), også kalla potensiell energi. Døme er vatn i eit høgdemagasin. Formel E = m x g x h Nemning er Joule.
Straum, som elektrisitet, er elektron som rører seg synkront i ein leiar, energi vi kan nytta, td. til å driva elektriske apparat. Tal ampere (A) er eit mål for straumstyrken, elektrisitetsmengda, eller tal elektron som passerer eit tverrsnitt av leiaren per sekund. Straumstyrken er tilsvarande vassmengda som passerer i ein slange. Sjå orda "Veksel-/Likestraum", og "Induksjon".
Endrar spenninga inn på generator til ønska nivå. For straumoverføring skal spenninga som regel transformerast til høgare spenning.
Ein leiar/leidning for trefasestraum har minst tre leiarar som leiar vekselstrøm som er faseforskjøvet i forhold til hverandre. Medan einfase vekselstrømskretsar berre treng to leiarar (ut og retur), kan eit trefasesystem overføra tre ganger så stor effekt, med berre ein ekstra leiar, og rett kopling/faseforskyving.
Turbinen står inne i kraftstasjonen, den består av et stort hjul med mange skovler/skåler. Vasstråla frå røyrgata treff skovlane og set fart på hjulet, slik vert rørsleenergien frå vatnet overført på veg til elektrisk energi. Les vidare om overføringa under Generatoren.
Å verna vassdrag mot menneskelege inngrep, eller utføra tiltak for å forbetra kvalitet på vassdraget (td. etter tidlegare menneskeleg påverknad).
"Storleiken på elva", dvs øyeblikksmål for mengda vatn som passerer i vassdraget. Målt i kubikkmeter per sekund (m3/s).
Når elektrona i ein leiar rører seg synkront fram og tilbake har vi vekselstraum. Vi kan då måla at spenninga (volt) i leiaren vekslar med tilsvarande rytme, frå maks positivt utslag til tilsvarande negativt utslag. Målingane avteikna vil syna ei sinuskurve. Til husa våre får vi vekselstraum/-spenning med frekvens 50 Hz (svingningar per sek.). Sjå også ordet "Induksjon".
Elektron i synkron rørsle fram og tilbake i ein leiar. Sjå også ordet "Induksjon", og artikkel "Transport av vekselstraum".
Navngitte vassdrag som er politisk vedtatt å verna for å ta vare på særlege kvalitetar.
Uttrykk/mål for effektiviteten til kraftanlegget, ligg ofte godt over 80% innan vannfallutnytting/vass-/ vannkraftverk. Det vil alltid vera noko friksjon og varmetap td. i røyrgate, turbin, og generator.
Volt er måleeininga for spenning, forkorta skriv vi V.
Watt er måleeininga for effekt. Forkorta skriv vi W.
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum