Kor mange moderne husstandar kunne gamle Bjølvo kraftverk (1918-38) ha produsert straum for?
Straumen vart i stor grad nytta til smelteverket i Ålvik, men lat oss gjera tankeeksperimentet og rekna på forsyning berre til husstandar, også for å få eit bilete av mengda kraft ein får ut av fallande vatn.
Ein norsk husstand av idag forbrukar årleg gjennomsnittleg 20 000 kWh. Kanskje bør de starta med å gjera om årsproduksjonen for kraftverket til kWh. Klar, ferdig, rekn!
Fasit her
Tilleggsspørsmål:
I Kvam bur det idag oppunder 9 000 personar. Tenk at det i snitt bur 3 personar per husstand. Kunne det gamle kraftverket ha levert nok straum til alle husstandane? Fasit
Nye Bjølvo kraftstasjon vart bygd inne i fjellet og tok i 2004 over straumproduksjonen. Sjå nettsida deira eller her og finn til samanlikning ut årsproduksjonen til dette nye kraftverket (kor mange GWh)?
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum