Vasskrafta

Søk

Oppgåver

  1. Kva er orda A, B, og C som manglar? Stille vatn i høgfjellet har …A-energi. Når vatnet tek til å renna nedover i rørgata går energien gradvis over til …B-energi. Når vatnet overfører energi og setter fart på turbinhjulet får vi også (via akslingen) fart på generatoren. Den mekaniske energien blir da omforma til …C-energi.
  2. Kva er årsaka til at vatnet har tyngde og får fart nedover? (Tips: Kvifor svever ikkje vatnet (eller vi)?)
  3. Hva meiner vi med at sola har gitt vannet stillingsenergi?
  4. Kva meiner vi med "fornybare" energikjelder? Gje døme.
  5. Forklar kvifor vass(fall)kraft er fornybar energi? (Bruk orda «sola», «fordampar», «kondenserer» og «stillingsenergi» i forklaringa.)
  6. Kan ein i ytterste konsekvens kalla vasskraft for solkraft? (Ref. førre spm) Forklar!
  7. Hva er det ved naturen i Norge som gir Norge fordeler som vannkraftprodusent?
  8. Kva må vi ha for å produsera elektrisitet?
  9. Definér “elektrisitet’’. (Bruk ordet «elektron» og “leiar” i forklaringa di.)
  10. Forklar kvifor ein magnet påverkar elektron i ei leidning.
  11. Kva er ein spole, kva består den av, kva er nytta av denne konstruksjonen, og kva heiter den delen av vasskraftanlegget der vi finn spolane?
  12. Kva er «induksjon»?
  13. Kva er forskjell på like- og vekselstraum?
  14. Sjå på filmsnutten, produserer dei like- eller vekselstraum?
  15. Korleis får vi elektrisiteten (vekselstraum) gjennom leidningane frå kraftverket til husa våre? Flytter elektrona seg, i tilfelle på kva måte? (Tips Newtons vogge)
  16. Elektrisk effekt er produktet av to faktorar, kva for nokre? Skriv formelen. Du finn ein artikkel om dette under Teknologi/Teori.
  17. Uttrykk med ein nokså tilsvarande formel kva som påverkar farta på eit turbinhjul.
  18. Tenk at du har eit lite kraftverk som produserer vekselstraum. Elektrisiteten/straumen ønskjer du levera til vårt nasjonale straumnett og få betalt for. Kva tyder frekvens, og fase, og korleis skal desse vera justert når ein skal kopla saman to straumnett slik?
  19. Kan vi lagra straum? Mykje, lite, forklar.               
  20. Kva er hensikta med å demme opp vatn (magasin)?
  21. Kva er funksjonen med lange/høge røyrgater? Ville vi få same effekt om vi berre bygde kraftverket attmed dei naturlege elveløpa og leide elvevatnet ope rett inn i anlegget?

 

Lukke til!

Kontrollere svara? "Fasit til oppgåver

 

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum