Vasskrafta

Søk

Kraftquiz

Velg svar A, B, eller C

  1. Kva er energi?
    A  Evna til å utføre arbeid/endre noe
    B  Evna til å slappe av
    C  Evna til å vere flink på skulen
  2. Kva er jorda sin viktigaste energikjelde?
    A Månen
    B Vatnet
    C Sola
  3. Kva er ikkje ein type energi?
    A Rørsle-energi
    B Hertz
    C Elektrisitet
  4. Korleis definerer vi «effekt»?
    A Tid x arbeid
    B Tida eit arbeid tar
    C Arbeid per tidseining
  5. Kva er den vanligaste måten å produsera elektrisitet på i Noreg?
    A Med gass
    B Med olje
    C Med vasskraft
  6. Kvifor målar energiprodusentane snømengda kvar vinter?
    A For å vite korleis skiforholda er.
    B For å sjekke kor mykje vatn dei kan produsere strøm med når snøen smeltar.
    C Fordi dei må vite kor stor turbin dei må bruke.
  7. Treff vasstråla generatoren?
    A Ja
    B Nei
    C Berre når ventilane vert opna
  8. Kvifor nytter vi magnetar når vi skal lage straum?
    A Fordi elektrona i spolen (ledningskveilen) også er «magnetiske», og vert påverka av andre magnetar.
    B Fordi magnetar ofte er raude og kvite, og energien reagerer best på desse fargane.
    C Fordi jorda er ein magnet.
  9. Kva er inni ein generator?
    A Magnet og vatn
    B Spole og vatn
    C Spole og magnet
  10. Kan straum lagrast?
    A Nei
    B Berre litt
    C Ja så mykje me vil
  11. Kva tyder det at straumen er på 50 hz?
    A Ute av fase
    B Elektrona svinger fram og tilbake 50 gonger per sek
    C Like mykje straum som 50 Megawatt
  12. Når er straumen i fase?
    A
    B
    C
  13. Kor i generatoren finn me elektrona som vert påverka av magneten?
    A I vatnet
    B I dekselet
    C I metalltråden, spolen
  14. Vatn lagra i dam på fjellet har:
    A Ingen energi
    B Stillingsenergi
    C Rørsleenergi
  15. Kva for straum lager vi med å flytte ein magnet framogtilbake i ein spole?
    A Spenning
    B Vekselstraum
    C Likestraum

 

Forklar (skriv stikkord så de kan forklara muntleg):

  1. Forklar kva som gjer at me kan nytta same vatnet om og om igjen til straumproduksjon. Max 3 p.
  2. Kva tyder «fallhøgd» og korleis påverkar den mengda straum me kan produsera. Max 3 p.
  3. Nemn minst 3 andre fornybare energikjelder me kan laga straum av.  Max 3 p.
  4. Kven er høgast, Mikke eller Minni? Max 0 p. ;)

 

Sjekke svara: "Fasit til quiz" :)

Rett svar på spm. 1-15 gir 1 p. kvar. 

Lukke til!

 

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum