Vasskrafta

Søk

Du er her:

Historisk om Verneplan for vassdrag

I 1973 kom den første verneplan for vassdrag. 93 vassdrag blei varig verna mot kraftutbygging. I tillegg vart fleire vassdrag midlertidig verna for nokre år slik at ein fekk tid til å undersøka verneverdiane og utbyggingsinteressen nærmare.

Det kvite kolet

Vatn kan kallast det «kvite kolet». I Noreg er det mykje vatn, og utbygging av vassdrag til kraftproduksjon starta på slutten av 1800-tallet. Etter andre verdskrig kom dei verkeleig store utbyggingane. Med tilgang på mykje vasskraft var det naturleg at landet etablerte ein stor kraftkrevjande industri. Det vart mellom anna produsert karbid, aluminium, sink og «Norges-salpeter». I byrjinga vart industrianlegga plassert nært kraftkjelda fordi teknologien til å overføre kraft over lange avstandar ikkje var god nok. Eksempel på industristadar frå tidleg av 1900-tallet er Rjukan, Odda og Tyssedal.

Elektrisitet vart og nytta i heimane, til småindustri og andre næringar. Allereie i 1920 hadde 64 prosent av innbyggjarane i Noreg tilgang til Elektrisitet, i 1958 heile 98 prosent.

 

Kva vassdrag skulle byggjast ut til kraftproduksjon?

For å byggje ut eit vassdrag må ein søkje om konsesjon. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) handsamer konsesjonssøknader om kraftutbygging i vassdrag. Ved større utbyggingar er det regjeringa som handsamar søknadane.

Fram til midten av 1980-tallet fanst ingen felles plan eller prioriteringar over vassdraga som kunne eller skulle byggjast ut. Vassdragsreguleringsloven av 1917 seier at ein kan berre gi konsesjon:
- hvis skade eller ulemper som påføres almene eller private interesser må ansees for å være av mindre betydning i sammenligning med de fordeler som reguleringen vil medføre.
Konsesjonssøknadane vart med andre ord handsama ein for ein og det var vanskeleg å vurdera den samla verknaden av utbyggingane.

Samstundes var det vanskeleg for naturverninteresser å verta høyrde i saker om vasskraftutbygging fordi:

  • den økonomiske tydinga ved ei utbygging spelte ei avgjerande rolle
  • fram til rundt 1960 var det ikkje knapt med vassressursar
  • kraft til industrien vart prioritert
  • det var kraftmangel nokre stader
  • det fantes ikkje godt utvikla teknologi til alternative kraftkjelder

 

1960-tallet: Nødvendig å bremsa utbygginga

Etter 1960 vart det klart at dersom vasskraftutbygginga fortsette i same tempo, ville all kraft vera bygd ut i løpet av få tiår. For å ta vare på vassdraga, måtte det handlast raskt.

I mange vassdrag bygde ein først ut den delen av vassdraget som var lettast tilgjengeleg og billigast å bygga ut. Med det vart svært mange vassdrag bygd ut utan at ein nytta det totale produksjonspotensialet.

I 1960 vart «Undersøkelseskomiteen vedrørande fredning mot vassdragsutbygging» etablert. Komiteen skulle foreslå område som burde skånast mot kraftutbygging. Arbeidet vart lagt fram i Stortingsmelding nr. 26 i 1968-69.

NVE fikk i oppgåve å utarbeida eit forslag til vern av vassdrag. Ein slik verneplan for vassdrag skulle ta stilling til kva vassdrag som for all tid burde vernast mot kraftutbygging.

«Kontaktutvalget for kraftutbygging-naturvern», vart oppretta i 1969. Utvalet bestod av representantar frå NVE og offentlege organ for naturvern- og friluftslivsinteresser, samt universiteta. Kontaktutvalet skulle samarbeida med kommunar, fylkesmenn og frivillige interesseorganisasjonar som Den Norske Turistforening, Norges Jeger- og Fiskerforbund og Norges Naturvernforbund.

Innstillinga frå NVE og rapporten frå Kontaktutvalet vart sendt ut på høyring. Det kom rundt 300 innspel frå ulike institusjonar og organisasjonar.

Industridepartementet la vekt på følgjande:
- Riktignok er Norge i den situasjon at landet kan fremby mer av betydelige og varierte naturområder enn svært mange andre industrialiserte land. Dette gir oss imidlertid også et spesielt ansvar, både globalt og overfor våre etterkommere. Også fremtidens mennesker bør få anledning til å velge, særlig når vi i dag ikke kan se bort fra at de vil kunne velge annerledes.

Då verneplanen kom i 1973 vart 93 vassdrag varig verna mot kraftutbygging. Ved vurdering tok ein omsyn til m.a. at område var av ein viss stoleik, fordeling i dei einskilde landsdelane, sjeldenhet og friluftsliv. For å kunna undersøkja verneverdiane og utbyggingsinteressene i nokre vassdrag vart 57 vassdrag midlertidig verna i 10 år. 

 

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum