Vasskrafta

Søk

Du er her:

Vassføring i bekk/elv

Vassføring tyder mengd vatn som passerer kvart sekund. Nedanfor ser de to ulike metodar for å måla Vassføring.

Er det meir vatn i bekken/elva enn de kan fanga opp i nokre bøtter kan de nytta metoden til Isabella og Ingvild i Gammelåa :)  Skriftleg rettleiing

Er det derimot så lita vassføring at de greier å samla opp det meste i bøtter, kan de gjera slik:

  • Finn først ut kor mange liter bøtta dykkar rommer, 10-15 l er vanleg volum. 
  • Sjå at de får alt vatnet i elva til å renne i bøtta. Om naudsynt kan de demma opp litt og leia vatnet i ein slange/eit røyr. Nytt større bøtter/kar om vassføringa er stor.
  • Start med tom bøtte, ta tida med stoppeklokke.

No kan de rekna ut:

vassføring (l/sek) = vassmengd samla i bøtte (liter) : tid for fylling (sekund)

Lukke til!

Prøv dykk gjerne på ei lita rekneoppgåve før de går i felten.

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum