Kor mykje vatn må du ha for å produsera straum til ei 10 watt lyspære?
Formel til slik utrekning er basert på den kjente formelen for stillings-/potensiell energi E = m x g x h. Vi tilpassar først formelen til vårt føremål. Formelen skal uttrykka kor stor effekt (P) vassmengda som passerer i kraftverket kvart sekund (Q) kan gi, vi får:
P = Q x g x h
g : 9,81 m/s2 (konstant verdi, resultat av gravitasjon)
h : Dette gjeld eit tenkt kraftverk, og vi seier at fallhøgd er 7,5 meter.
Vi må også ta omsyn til verkegrad p.g.a. energitap i turbin og generator (grunna friksjon). I vårt anlegg set vi verkegrad for turbin Vturb til 80% og generator Vgen 85 %. Komplett formel for effekta vert:
P = Q x g x h x Vturb x Vgen
Formelen må de "snu på" etter kva de ønskjer finna. De skal i denne oppgåva finna naudsynt vassmengd, altså:
Q = … = l/sek
Kontrollera svaret i fasit
Alternativt vinkla rekneoppgåve: Kor stor effekt kan de få ut av ei gitt vassmengd?
(For utfyllande teori les Effekt II)
Lukke til!
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum