Her kan du sjå intervju med informanter som har jobba med Valen kraftverk og sjukehuset. Opptaka er gjort i samband med dokumentasjon av historia til Valen kraftverk. Intervjua er utført av Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum. Til saman er det 1 time og 3 minutt med opptak.
Rune fekk jobb på Valen sjukehus i 1999, etter å ha vore på reis i 13 år. Han hadde eigentleg fått jobb på Søral, men takka heller ja til jobben på Valen sjukehus sjølv om denne var dårlegare betalt. Rune er son til Kåre Thorkildsen, og tok over hans jobb i teknisk avdeling når Kåre gjekk av med pensjon.
Reidar og Rune var med på initiativet til Valestiftinga, og oppretting av denne stiftelsen i 2004 etter overgangen frå fylke til stat som sjukehuseigar. Reidar er styreleiar og Rune er personleg vara for Reidar i Valestiftinga. Reidar og Rune fortel om bakgrunnen og organiseringa av stiftinga. Fylket bidrog i starten av dette arbeidet med å gje stiftinga kaien og bua. Historia er viktig, og her ligg det 3 stasjonar på rekke som viser ei over 100 år lang historie. Også fylkeskommunen ser på dette som eit viktig kulturminne. Reidar og Rune fortel litt om kva planar og visjonar dei har for å ta vare på historia og kva det kan brukast til. Det er stor interesse for det historiske materialet i lokalsamfunnet.
Reidar lengta heim og fekk seg jobb som teknisk sjef for Valen sjukehus i 1999. Reidar fekk ansvar for vedlikehald av ein stor eigedom med eigen kraftproduksjon, damtilsyn m.m. Ni mann arbeidde på teknisk avdeling den gongen. Teknisk avdeling hadde ansvar for den daglege drifta av kraftverket. I Reidar si tid var det berre sjukehuset som nytta seg av straumen. Planlegging, drift og vedlikehald av anlegget oppover i dalen vart i stor grad styrt av fylket sentralt. I 2003 vart det ei stor endring, og sjukehusdrifta vart overført frå fylket til staten. Stat og fylke delte det mellom seg. Fylkeskommunen heldt fram å eiga garden, vaskeriet og kraftverket. Reidar pensjonerte seg i februar 2015.
Vi er i det gamle fyrrommet på «mannsiden». Sjukehuset skulle vera sjølvforsynt med det meste, derfor hadde dei så mykje teknisk utstyr som folka på teknisk avdeling måtte vedlikehalda. Når det minka på vatnet, var det vanskeleg å få nok straum. Dei måtte passa veldig nøye på vatnet slik at ingenting gjekk til spille. Det var ingen reserve for det elektriske før tilkoplinga mot Blåfallet kom. Dei gjekk ei veke i slengen på døgnvakt, og kunne bli tilkalla når som helst.
Johannes gjekk på teknisk fagskule i Grimstad og fekk jobb på Valen i 1954. Det var mange søkarar til jobben som Johannes fekk. Tekniske utfordringar med kraftverk, høgspent, svakstraum, heisar m.m verka freistande på Johannes. På 1970-talet var Johannes med på å skifta ut mastene og lina opp til Valedalen. Han fortel omvikling av motor til luka på Valedalsdammen. Denne måtte demonterast og fraktast ned om vinteren på snøføre. Johannes fortel om likestraum og omlegginga på sjukehuset frå 440 volt. Då Johannes starta i jobben, var det 530 pasientar på Valen sjukehus. Då han slutta var det mellom 40 og 50.
Kåre fekk jobb på Valen sjukehus i 1964, og er utdanna kjølemaskinist. Han arbeidde også på båt i fem år før han fekk jobb på Valen, ein jobb han hadde i 33 år. Han overtok eit småbruk der han voks opp, og då var det veldig praktisk å få seg jobb på Valen sjukehus, i tillegg til at han hadde interesse for faget. Kåre fortel at det var eit variert arbeid for dei på teknisk avdeling på sjukehuset, både med tilsyn og vakt på kraftstasjonen og arbeid ute med anlegget i fjellet.
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum