På 1970-talet kom planar om eit nytt kraftverk i Tyssedal som skulle ta over deler av produksjonen i den gamle stasjonen. Eit dramatisk røyrbrot i 1980 ville det annleis, det blei starten på slutten for Tysso I.
I 1975 starta Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen (NVE), som Statkraft seinare blei utskilt frå, planlegging av eit nytt kraftverk i Tyssedal, rett ved sidan av gamle Tysso I. Det nye kraftverket, Oksla kraftstasjon, skulle auka effekten med 9 %. 5 år etter var Oksla kraftstasjon klar, nok eit kapittel i krafthistoria i Tyssedal var på plass. NVE eigde stasjonen mens mesteparten av produksjonen tilhøyrte Tyssefaldene.
Sjå eit lite filmklipp frå røyrbrotet i 1980. Filmklippet er henta frå filmen "det fantastiske vannet" som vart produsert for AS Tyssefaldene i 1996.
Eit halvt år etter at Oksla kraftstasjon var ferdig, sprakk røyr 3 i den gamle røyrgata. Røyret som hadde forsynt kraftstasjonen med vatn i nesten 70 år gav etter for trykket. Vatnet fossa nedover mot Tysso I, trykket var stort, og det automatiske lukkesystemet frå 1938 ville ikkje fungera. Brotet skjedde nedanfor det bratte partiet i røyrgata slik at farten og trykket på vatnet var stort. Ei magnetluka på toppen klarte ikkje å stenga av røyret, på grunn av det store trykket. Røyrkontrolløren, John Tyssedalstveit, kasta seg i bilen og køyrte det bilen klarte til Toppelvsvingen, tok beina fatt opp til toppen av røyrgata på Lilletopp. Etter den bratte turen til topps, fekk han med voldsomme anstrengelsar stengt vatnet manuelt. Det rant tusenvis av liter vatn i sekundet i røyret, likevel klarte Tyssedalstveit jobben som det automatiske systemet ikkje klarte. Dramaet var over, men ikkje for han, rett etter han fekk stengt av røyret slo automatikken inn og eit sug dro inn lufta i ventilhuset. Det small! John Tyssedalstveit blei slengt vegg i mellom og vakumet som oppstod saug vindauga inn i rommet. Han hugsa ikkje noko før han vakna på sjukehuset i Odda. Tyssedalstveit var ein sprek fyr og redda kraftstasjonen. Men på grunn av skadene han blei påført så blei det hans siste dag på jobb for Tyssefaldene.
Då John Tyssedalstveit stengde røyret, hadde det gått nesten ein time. Ein time med mykje dramatikk. Tusenvis av liter vatn hadde fossa nedover fjellsida mot kraftstasjonen. Dette kunne fått katastrofale følger for bygget og dei som var på jobb i kraftstasjonen om det ikkje hadde vore for ein fangmur på baksida av kraftstasjonen. Under andre verdskrig vart det bygd ein oppsamlingsdam fordi ein frykta sabotasje av røyrgata. Det blei aldri nokon aksjon mot kraftstasjonen under krigen, men i 1980 var den veldig god å ha. Fangmuren demma opp mykje av vatnet og fordelte det ut på kvar sida av Tysso I.
Likevel var det kaos i kraftstasjonen. To tilsette kom seg ut av heisen rett før straumen gikk og bygget blei fylt opp med vatn til vindauga. Hovudutgangen på sørsida kunne ikkje brukast på grunn av for mykje vatn. Heldigvis var det ein robåt på nordsida denne dagen og folk fekk rømt unna kaoset.
Etter røyrbrotet var det berre det femte røyret som fortsatt kunne vera i drift. Røyr nummer 3 og 4 var ute for godt. Dei to eldste røyra, 1 og 2, trong ny godkjenning. Det blei for dyrt, og Oksla kunne uansett ta over produksjonen. Røyr 5 fortsette å levera vatn til to aggregat som no berre produserte 25-periodars straum til industrien i Odda. Fem år etter røyrbrotet blei det vedtatt å leggje ned Tysso I kraftstasjon. Grunna nedlegginga brukte ein ikkje lenger vatn frå magasinet i Vetlevann. Gamle Skjeggedal kraftstasjon blei difor bygd om til ein pumpestasjon, slik at vatnet frå Vetlevann no blir pumpa opp i Ringedalsvatnet der Oksla kraftstasjon har sitt inntak. I 1989 blei røyr 5 og dei to siste aggregata tatt ut av i drift. Eit kapittel i norsk vasskrafthistorie var over, Tysso I som i si tid hadde vore det største i sitt slag var ikkje lenger ein del av den norske kraftproduksjonen.
Tysso I kraftstasjon blei heldigvis ikkje riven. I år 2000 blei store deler av kraftanlegget freda som eit symbol på den industrielle revolusjon i Noreg. Kraftstasjonen, røyrgata, bygga på Lilletopp - toppen av røyrgata og inntaksdammen i Skjeggedal er omfatta av fredinga. I dag er alt restaurert tilbake til fordums prakt og blir brukt i mange kulturelle samanhengar.
Skrevet av Dag Endre Opedal, sist oppdatert 30.09.2015 Kjelde: Tyssefaldene - Krafttak i 100 år 1906-2006 - Jan Gravdal og Vidar Våde
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum