Tyssedal kraftanlegg ligg som eit slott innst i Sørfjorden i Hardanger. Kraftanlegget Tysso I opna i 1908 og var eit resultat av svensk kapital og norsk ingeniørkunst. Det forsynte to fabrikkar i Odda med straum. Den ambisiøse utbygginga varte i 12 år og sysselsette 500 mann, frå ingeniørar til rallarar. Litt over eit og eit halvt år etter første spadestikk var kraftanlegget i drift.
Biletspel som visar utbygginga av Tyssedal kraftverk med kraftstasjon, røyrgata, tunnell og dammer trinn for trinn i perioden 1906 - 1918.
Røyrgata var eit pionerarbeid, der den "kastar seg" 730 meter nedover bratte fjellet. Lille Tyssedal forvandla seg frå ei grend med 39 innbyggjarar til ein industriby med nær 1400 bufaste i løpet av 20 år. Aktieselskapet Tyssefaldene bygde og eig fortsatt anlegget. I 1989 stoppa kraftproduksjonen i den gamle kraftstasjonen. I år 2000 blei anlegget freda. No forvaltar Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum Tysso 1 som eit nasjonalt kulturminne.
Bygging av Tysso I starta i august 1906. 4. mai 1908 leverte kraftstasjonen i Tyssedal straum til karbidfabrikken i Odda. Sam Eyde sto bak den første utbygginga av Tyssedal Kraftanlegg, men då han trakk seg ut seg for å konsentrere seg om Norsk Hydro, tok Ragnvald Blakstad over som generaldirektør for Tyssefaldene i 1910. Han starta ei stor utviding av kraftanlegget som varte fram til 1918. Kraftstasjonen blei utvida frå eit 50 meter langt bygg med seks maskiner og ein produksjonskapasitet på 20 MW, til eit 180 meter langt bygg med 15 maskiner og produksjonskapasitet på 100 MW.
Røyrgata blei utvida frå 2 til 5 røyr og tunnel nr. 2 (på 3450 meter) bygd frå vassmagasina i Skjeggedal til toppen av røyrgata. Den storslagne Ringedalsdammen sto klar i 1918 og er 520 meter lang, 33 meter høg og er laga av over 100 000 handhogd stein av granitt.
500 mann arbeidde med kraftanlegget i Tyssedal og Skjeggedal, mens i Odda bygde 1000 mann verdas største karbidfabrikk. Mangel på teknologi for overføring av straum, gjorde at fabrikken måtte leggast nær kraftverket, i Odda, 6 km unna Tyssedal. Odda hadde og infrastruktur med hotell, butikkar og dampskipssamband med Bergen grunna turismen. Arbeidskraft var ikkje vanskeleg å få tak på i, i ei tid då Noreg var ein fattig utpost i Europa med stor utvandring til Amerika.
Det kom både faglærte og ufaglærte til Tyssedal for å få seg jobb, rallarar og ingeniørar. Dr. ingeniør og karbidekspert Albert Petersson kom for å bygga karbidfabrikken i Odda. Han vart glad i Odda og budde og verka her til han ein dag forsvann på uforklarleg vis frå rutebåten mellom Odda og Bergen i 1914. Ingeniør Sigurd Brinck leia vasskraftutbygginga i Tyssedal og Skjeggedal. For mange var dette hardt arbeid, lange arbeidsdagar og deling av køyer med dei andre arbeidskarane. Utbygginga skjedde på rekordtid, eit pionerarbeid kanskje med ein del prøving og feiling. Røyrgata var til dømes den brattaste og lengste røyrgata som hadde vore bygd til då. Anleggsbas Ole Martin Olaussen skreik til arbeidskarane sine: ”Jobba för fan! I graven får ni hvila!”.
Dag Endre Opedal, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum Kjelder: Industrispor, Lars Ove Seljestad, Tyssefaldene. Krafttak i 100 år 1906 - 2006 Norsk folkemuseums intervjusamling
I slutten av august 1906 starta arbeidet for alvor i Tyssedal og Skjeggedal. 15. juni same år inngjekk AS Tyssefaldene kontrakt med The Sun Gas Co. Ltd. om levering av straum frå 1. mai 1908. Dei hadde under 2 år på seg til å byggje kraftanlegget. Det kom fleire hundre arbeiderar på plass på kort tid for å gjera eit arbeid ingen hadde sett maken til før.
I 1906 var Tyssedal ei lita bygd med 39 innbyggjarar fordelt på 2 gardar, ein på kvar sida av elva Tysso. Rike, utanlandske turistar oppdaga Tyssedal og Odda på slutten av 1800-talet. Dette førte til at Odda blei Norges nest største turiststad med daglege anløp av turistbåtar om sommaren og heile 12 hotell.
På 1970-talet kom planar om eit nytt kraftverk i Tyssedal som skulle ta over deler av produksjonen i den gamle stasjonen. Eit dramatisk røyrbrot i 1980 ville det annleis, det blei starten på slutten for Tysso I.
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum