Tinnfossen er den nederste fossen i Tinnelva før utløpet i Heddalsvatnet. Fallhøgda er 18,5 meter og vassføringa i elva kan variera mellom 70 og 1000 m3/s
I 1890-åra starta fossekjøperane å visa interessere for vassdraget. Tinfos Papirfabrik satt med fossefall til svært rimelige betingelser. Retten til vestsida av Tinnfossen skaffa dei alt i 1873, og i 1885 blei rettane på austsida og innhenta. Tinfos produserte straum allereie før 1900, men det var til intern bruk som belysning av fabrikken. I 1899 vart Notodden Calsium og Carbidfakbrik A/S stifta og dei trengte meir straum, i 1900 stod Tinfos I kraftstasjon klar med sine to første aggregat med ein installert effekt på 1,4 MW. Og den 21. februar 1901 om kvelden vart den første prøvesmeltinga gjort på karbidfarbrikken med straum frå Tinfos I. Ole H. Holta grunnla både kraftstasjonen og karbidfabrikken på Notodden.
I 1904 leverte kraftverket straum til Sam Eyde sin prøvefabrikk for produksjon av kunstgjødsel, som resulterte i stiftinga av Norsk Hydro i 1905. Dette satte i gang ei enda større kraftutbygging på Notodden med blant anna Svelgfoss kraftverk, som var Europas største då det starta sin produksjon i 1907.
Skrevet av Dag Endre Opedal, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Kjelder: Faugli, Per Einar. Rjukan/Notodden : vannkraft og verdensarv : norsk vassdragshistorie. 2015 Norske kraftverker 1, Teknisk Ukeblads forlag 1954 - bokhylla.no Tinfos 1875 - 1975 - bokhylla.no Notodden 50-årsjubileum 1963 - bokhylla.no Telen.no Carbiden - det første industrieventyret ( besøkt 01.04.2016) Rjukan- Notodden Industriarv - nominasjonsdokument
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum