I denne presentasjonen vil vi fokusere på dei første kraftverka ved Tinnfossen i Tinnelva. Kraftverka det er snakk om er Tinfos I frå 1901 og Tinfos II frå 1912. Tinfos I frå 1901 var ein forholdsvis tidleg utbygging i Noreg og i 1904 leverte kraftstasjonen straum til forsøksfabrikken for kunstgjødsel som var viktig for etableringa av Norsk Hydro i 1905.
Tinfos I til venstre og Tinfos II til høgre i bilete. Foto: Dag Endre Opedal/vasskrafta.no
I dag er det ikkje lenger kraftproduksjon i Tinfos I, og Tinfos II er hovudsakleg brukt som reservekraftverk og når det er mykje vatn i elva. I dag blir mesteparten av elektrisiteten produsert i det nye Tinfos I kraftverket som kom i drift i 1955 og tok over for det gamle. Dette kraftverket ligg ved dammen rett ovanfor dei gamle kraftstasjonane.
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum