Etableringa av Hammeren kraftverk er eit direkte resultat av utviklinga av Oslo som by.
På 1800 talet hadde folketalet i Oslo ei eksplosiv utvikling, frå 9 527 innbyggjarar ved folketeljinga i 1801 til eit tal 81 801 i 1877. I 1878 vart det gjennomført ei byutviding og folketalet steig til 112 977. Folketalet held fram med ein eksplosiv stigning resten av dette århundret. Med auken i folketalet parallelt med mange tekniske nyvinningar tvang fram behovet for elektrisk kraft.
I 1892 fekk byen eit elektrisitetsverk som fekk straum frå ein dampdriven kraftstasjon. Dette var ikkje nok til å tilfredsstille det aukande behovet for elektrisk kraft. Ein årsak til befokningsauken var auka sysselsetting i industrien som etterspurde elektrisk kraft. Det var også behov for transport i den veksande byen og på den tida var det mest aktuelle transportmiddelet elektrisk trikk, med stort forbruk av elektrisk kraft. Ein bygde difor Hammeren kraftanlegg som skulle forsyne heile byen med kraft, men etter dagens behov er produksjonen nok til å forsyne om lag 800 husstandar. Eit døme som viser storleiken på Hammeren er etter at Kristiania hadde inngått avtale med Kykkelsrud kraftverk om levering av kraft, så blei dette kraftverket hovudleverandør av elektrisitet. I 1918 kom 95% av krafta brukt i hovudstaden frå Kykkelsrud og berre 5% frå Hammeren.
Kjelde: Lars Ljøgodt: "Hammeren kraftverk 75 år", Oslo Lysverker 1975
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum