Vasskrafta

Søk

Du er her:

Hammeren kraftverk

Hammeren kraftverk i Maridalen er det einaste kraftverket innanfor Oslos grenser og er det eldste kraftverket i Norge av dei som fortsatt er i drift.

Hammeren kraftverk. Foto: NVE. bilde er digital retusjert og beskåret.
 

Hammeren kraftverk vart satt i drift 15. juni 1900 og er Oslo sitt første og hittil siste vasskraftverk og eit av Norges eldste. I 1892 starta Oslo sitt første elektrisitetsverk opp produksjon av straum, ved hjelp av eit dampkraftverk. Men byen vaks så mykje fram mot 1900 at ein måtte utvida straumproduksjonen. I 1898 vedtok bystyret derfor å skaffa seg vassrettane til Skjærsjøelva i Nordmarka, der Hammeren skulle bli bygd. Bygginga av Hammeren var eit pionerprosjekt , rørgata hadde ein fallhøgde med ein lengde på 2400 meter frå inntaket ved Skjærsjøen og ned til maskinene i kraftstasjonen. I kraftstasjonen blei det installert 4 aggregat på til saman 1800 KW/1,8 MW. Dette blei sagt  å vera nok straum til Oslo i all overskuelig framtid, men i dag dekke dette bare om lag 800 hushaldningar.

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum