Sidan straum er elektron i rørsle, og vi får straum frå kraftverk, tyder det då at elektron susar gjennom leidningsnettet og inn i husa våre?
Vekselstraum er altså synkron rørsle av elektron fram og tilbake inne i ein leidning. Korleis kjem då elektrona frå kraftverket til husa våre? Svaret er at elektrona når aldri fram til husa våre, men straumen gjør! Hæææ? Joda, fordi rørsla når fram. Tenk at elektrona ligg tett i tett i ein leidning frå kraftstasjon til huset ditt. På kraftstasjonen blir elektron i spole satt i rørsle med magnet, fram og tilbake. Elektrona ligg så tett at naboelektrona også vert “skubba”, fram og tilbake. Slik forplantar rørsla seg umiddelbart og med svært lite energitap, frå spole, via leidningsnettet, og fram til huset ditt.
Ein parallell for å få eit bilete og lettare forstå slik transport/forsyning av vekselstraum kan du sjå i Newtons vugge.
Prinsippet kan ein også instruera med eit publikum som står skulder mot skulder, tett, side ved side. Gje ein dytt i skulderen på personen ytterst i rekka, inn mot nestemann. Med litt velvilje vil rørsla forplanta seg bortover rekka, sjølv om personane står på same plass.
Grubleoppgåve: Ohms lov og høgspent
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum