Vasskrafta

Søk

Du er her:

Skogfoss kraftverk - samarbeid på tvers av den kalde krigen

Skogfoss kraftverk blei bygd ut på norsk og russisk område under den kalde krigen. Grensa mellom dei to landa går midt på dammen til Skogfoss kraftverk.

Skogfoss kraftverk kom i drift i 1964, og ligg i Sør-Varanger kommune på grensa mellom Norge og Russland. Kraftverket ligg ved Pasvikelva som kjem frå innsjøen Enare i Finland. I 1947 blei det inngått avtale mellom Sovjet og Finland om regulering av Enaresjøen. I 1955 starta forhandlingar mellom Norge og Sovjet om kraftutbygging på grensa mellom Norge og Russland. I 1958 blei partane einige og Stortinget godkjedte avtalen same år. Norge overtok russiske rettar m.a. ved Skogfoss, medan Sovjet overtok norske rettar lengre nede i vassdraget. Suvereniteten over områda vart ikkje endra. Avtalen medførte at Norge bygde ut Skogfoss og Melkefoss, og Sovjet bygde ut kraftverk ved Boris Gleb. Alt dette skjedde under den kalde krigen, der Norge og Sovjet stod på kvar si side politisk og militært sett.

 

Spasiba

Grensa mellom Norge og Sovjet var på denne tida hermetisk lukka. Men samarbeidet om utbygginga av kraftverka langs Pasvikelva fungerte godt. Norske arbeiderar fekk lov til å gå inn i Sovjet for å arbeida. Dammen til Skogfoss har feste på russisk side og grensa mellom landa går midt på dammen. Sidedammen til Skogfoss-anlegget låg 2 kilometer inne i Sovjetunionen. Når arbeiderane skulle krysse grensa for å arbeida  måtte dei visa fram ein passerseddel og oppgje rett passord. Då svarte dei norske arbeiderane "Spasiba" og dei fekk lov å gå inn i Sovjet. Frå begge sider blei det oppfordra til å ha minst mulig kontakt med arbeidarar frå det andre landet.  KGB-agentar fotfulgte dei norske arbeidarane for å hindra at dei hadde kontakt med Sovjetrussarar..

 

Kjelder: http://www.detgrenselosevannet.no/index.php?page_id=1 (besøkt januar 2012)
Kulturminner i Norsk Kraftproduksjon (KINK) - Norges vassdrags- og energidirektorat 2006
40 år for felles arbeide i pasvikvassdraget, norsk-finsk-russisk jubileumshefte.

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum