Vasskrafta

Søk

Du er her:

Svartisen kraftverk - det siste store vasskraftprosjektet til Statkraft i Norge

Denne utbygginga var omdiskutert og sakshandsaminga tok difor lang tid. Området var føreslått oppretta som nasjonalpark, samstundes som der var store vasskraftressursar. Allereie i 1978 vart det søkt om ei omfattande kraftutbygging i Saltfjellet/Svartisenområdet, mellom anna den såkalla Stor-Glomfjord-utbygginga.

24. juli 1987 vedtok Stortinget utbygging av Stor-Glomfjord vassdraget. Det tok ikkje lang tid før utbygginga var i gang. Svartisen kraftverk er den siste store statlege vasskraftutbygginga hittil. I 1986 importerte vi meir kraft enn vi eksporterte. Ein frykta kraftmangel i Norge og denne nye utbygginga skulle bli redninga. I 1988 kom nye rapportar som viste at Norge faktisk hadde eit kraftoverskudd. I 1988 hadde Statkraft problem med å få selt krafta si. Endelig avgjerd om bygging av to store dammar, Storglomvassdammen og Holmvassdammen, vart utsett til 1990.

Byggetrinn 1 omfatta tunnelar og kraftstasjon (Svartisen 1), medan byggetrinn 2, dammane, var utsett. Arbeidet med byggetrinn 1 pågjekk kontinuerlig med over 400 mann i arbeid. Det var eit utfordrande arbeid å laga rom for tunnelar og maskiner i det svært harde fjellet. Det vart lagt opp til ei omfattande utnytting av vatnet i området ved å laga så mange inntak som råd. Med sine 46 bekkeinntak er truleg Svartisen det anlegget med flest inntak og størst kapasitet. Ei spesiell løysing er å hente inn smeltevatn frå isbreen. Det var svært vanskeleg å finn "dypålen", elva under breen. Ein måtte sprenge eit kammer for stein for inntaket under Engabreen. Dette var eit såkalla sandfangsystem som skulle sørge for at stein og sand, som det var mykje av i brevatnet, vart skilt ut før det gjekk inn i systemet. Maskinene var sårbare.

Det var planlagt to aggregat i det nye kraftanlegget. Sidan byggetrinn 2 var utsett fordi ein ikkje såg prosjektet som lønsamt, vart det i første omgang berre installert eit aggregat. Dette var det største i Norge.

På denne tida var det Stortinget som fastesette kraftprisen til Statkraft og denne var sett så høgt at dei ikkje klart å få selt krafta. I 1990 vedtok Stortinget energilova som opna for konkurranse i kraftmarknaden, men det var framleis eit stort kraftoverskot slik at vedtaket fekk liten praktisk betydning for utbygginga av Svartisen. Styret i Statkraft vedtok i september 1992 å stoppe utbygginga av dei to store dammane. Dette vedtaket var ikkje populært på Stortinget. Det var snart stortingsval og vedtaket ville innebera tap av over 250 arbeidplassar. I desember 1992 løyvde politikarane 400 millionar for å kompensere tapet Statkraft hadde på utbygginga. Ein kunne no starte andre byggetrinn.

I 1993 opna Svartisen kraftverk med 1 aggregat, på 350 MW. Samtidig blei det gjennomført førebuingar slik at tunnelvegar og bygningar var klare for eit aggregat til.

I 2006 var Svartisen kraftverk ramma av uhell og driftsstansar. Aggregatet var utsett for store påkjenningar grunna stadige kortslutningar på sentralnettet under ein orkan i januar. Skadene førte til eit havari første gong i august, deretter nok eit havari 24. oktober. Årsaken til begge havaria va rsterk varmeutvikling i statoren - ein sentral del i aggregatet og dei førte til ein lang driftsstans. Statkraft meldte no at dei ville byggje eit aggregat til. Ferdigstillinga av dette er utsett fleire ganger og ein planlegg no å setje dette i drift i 2012.

 

Kjelder: Finn Sekne og Lars Thue"De temmet vannet" Statkrafts tekniske kulturhistorie. Universitetsforlaget 2011
Pressemelding fra Statkraft 6. desember 2006: "Statkraft AS - Svartisen kraftverk utvides"

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum