Dei første kraftverka, som kom på slutten av 1870-talet, var dreve av damp. På 1880-talet kom dei første vasskraftverka i sving. Det aller først vasskraftverket i Norge og Europa kom i 1882 i Hamn på Senja.
Senja Nikkelverk bygde eit lite vasskraftverk i Hamn hausten 1882, kapasiteten var på 6,5 kW men det var berre for belysning av eige anlegg. Det var det første kraftverket i Europa, muligens i verda, som var dreve på vasskraft. Berre ein liten steindam står igjen av kraftverket i dag, som ein kan sjå om ein følge den merka stien langs den gamle røyrgate-traséen opp til Storvatnet på 140 m.o.h. Når det blei klart i 1886 att verket måtte leggast ned blei maskiner, utstyr og andre eiendeler av verdi demontert og tatt med til andre stadar.
Første straumen laga av vasskraft som vanlege folk fekk nytta kom derimot i 1885. Laugstol Brug ved Skien var det første elektrisitetsverket som solgte straum til vanlege abonnenter. Vasskraftverket ved denne treforedlingsbedriften representere ein overgangsfase frå det bedriftsinterne kraftverket til det elektrisitetsverket som berre produserar for sal av straum. Laugstol Brug, som var ein treforedlingsbedrift, starta å produsera straum til eige bruk, men fekk ein så stor kapasitet att ein kunne forsyna folk i Skien og.
I 1892 fekk Oslo sitt første elektrisitetsverk, som var dampmaskindreve. Men eit år tidlegare, i 1891, fekk Hammerfest sitt første elektrisitetverk basert på vasskraft. Det som var typisk for desse tidlege elektrisitetsverka var att det var belysning som var av første interesse. Til gater, offentlege bygg, næringslivet og det betre borgarskapet. Fram mot århundreskiftet blei det bygd elektrisitetsverk i om lag 20 byar i Norge, halvparten private og halvparten kommunale.Dei første kraftverka, som kom på slutten av 1870-talet, var dreve av damp. På 1880-talet kom dei første vasskraftverka i sving. Det aller først vasskraftverket i Norge og Europa kom i 1882 i Hamn på Senja.
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum