Vasskrafta

Søk

Du er her:

Historie og samfunn

Elva Bjølvefossen   Gamalt foto av Ytre Ålvik   Gamalt foto av Smørtjernsfoss, små folk, stor foss

Fram til byrjinga av 1900-talet var Ålvik ei rolig vestlandsgrend med ca 75 innbyggjarar, dei fleste dreiv små gardsbruk, med handamakt og hest. Utanlandske turistar hadde byrja koma for å oppleva fossane og det storslagne landskapet. Så ein dag fekk dei anna besøk...

Rundt 1900 var ein fleire stader i verda igang med å byggja dei første vasskraftverka for produksjon av elektrisk kraft - ein teknologisk og samfunnsmessig revolusjon var på gang. Teknologien var kome så langt at industriherrar kunne  etablera kraftkrevjande smelteverksindustri. Vasskraftverk og kraftkrevjande industri måtte følgjast fordi ein ikkje kunne føra straum over større avstandar og industriherrane også i Noreg såg seg om etter eigna plassar for etablering. Skulle ein ha kraft måtte ein ha vatn, dvs nedbør, og skal vatnet gi kraft må ein ha fall, dvs høge og bratte fjell. Industriherrane tenkte fjordlandskapet på vestlandet, og dei tok turen dit - mellom anna til Ålvik. Dette var grunnlaget for at den vesle vestlandsgrenda brått på byrjinga av 1900-talet vart forvandla til ein industristad, ei total omvelting. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 Her er arbeidet igang.

 

Gasmalt bilete av kraftstasjonen og enkel røyrgate 16. feb. 1918  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 Frå oppstartsåret for kraftstasjonen 1918.

 

Nokre historiske milepælar:

1894: Kontrakt om rett til å kjøpa vassrettane i Ålvik

1906: Oppstart av mindre anleggsarbeid i fjellet (ved dam)

1913: Anleggsarbeidet går for fullt fram til krigen

1915: Stortinget gir A/S Bjølvefossen konsesjon

1916: Stort anleggsarbeid startar

1918: Oppstart av Bjølvo Kraftverk, og smelteverket med produksjon av karbid, seinare ferrosilisium og ferrokrom.

1919: Røyrbrot pga. temperaturspenningar

1938: Rør 2 og aggregat 4 i kraftverket vert sett i drift 

1940: Sabotasje og brot på røyrgatene

1960-talet: Større og mindre anleggsarbeid i høgfjellet

1972: aggregat 5 kjem i drift og erstattar aggregat 1, 2 og 3, 10/1-1972, kl 12.30

1993: NVE gjev pålegg om utfasing av begge røyr (smisveist stål)

2004: Nye Bjølvo Kraftverk i drift - det gamle  stoppar

2006: Trallebanen vert sett ut av drift

2014: På oppdrag frå Statkraft fullfører NVIM dokumentasjonen av Gamle Bjølvo Kraftverk

 

Det var ein gong...

Bjølvefossen var namnet på ein av dei flottaste fossane i Hardanger. Fossen låg i Ytre Ålvik og var eit mektig syn for turistar i tidlegare tider. 

Men ... nokon skjøna at fossefall no var verdt gull  -og dei hadde midlar til å handla. I 1894 vart det inngått kontrakt med grunneigarar i Ytre Ålvik om rett til å bygge ut vatnet. Overrettssakførar Gjermoe i Bergen hadde skaffa seg kjøpsretten, som omfatta heile vassdraget frå fjord til fjell, fri grunn til demningar og tomteland til fabrikk- og kaianlegg. Fotoportrett av Fredrik Hiorth

I 1899 kjøpte fossespekulant og tidlegare direktør ved Kværner Brug, Fredrik Louis Hiorth vassrettar i Ålvik

6 aksjonærar stifta A/S Bjølvefossen i 1905 i Kristiania og i 1906 starta eit mindre anleggsarbeid i høgfjellet for å førebu kraftutbygginga. Det viktigaste tiltaket var senkingstunnelar for å kunne tørrleggje damanlegg ved Vetlavatnet og Bjølsegrøvatnet. Dei første brakkene, som seinare vart utvida, kom òg på plass.

Kva hadde grunneigarane igjen for salet? I arkiva finn vi ei erklæring frå direktør Hiorth om «at levere hver af oppsitterne i Indre Ålvik 3 elektriske H.K. frit levert ved husveggen saasnart en mulig hovedkraftstasjon er tat i bruk». Erklæringa er datert 2/7 1913, og tinglyst 24/8 1915. Grunneigarar i Ålvik mottok såkalla «frikraft» - gratis levering av kraft  til evig tid gjennom frivillige kontraktar. Nokre av kontraktane vart seinare endra mellom anna kraftmengde.

Planlegging?  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 Planlegging?

 

Hausten 1913 starta anleggsarbeidet for fullt, men stoppa i august 1914 etter utbrotet av 1. verdskrigen. I 1915 søkjer A/S Bjølvefossen staten om konsesjon, og får same år løyve til å byggja ut vasskrafta med 68 mot 33 røyster i Stortinget.

Gamalt foto av arbeidsfolk

 

 

 

 

 

 

Sommaren 1916 var over 1000 mann i arbeid i  Ytre og Indre Ålvik og i fjellet.

   

Under 1. verdskrigen var behovet for kalsiumkarbid stort. Verdas største karbidsmelteverk var bygd i Odda, og ein planla karbidproduksjon fleire andre stader, m.a. i Ålvik. Kalsiumkarbid ga grunnlag for produksjon av acetylengass til autogen sveising og skjerebrenning, og vidareforedling til både kunstgjødsel, ammoniumsulfat, sprengstoff og andre kjemiske produkt. 

Til smelteprosessen treng ein store mengder elektrisk kraft. Difor vart det vedteke å byggje ut trinn 1 av Bjølvo kraftverk i Indre Ålvik frå 1916-1918.

Gamalt foto av smelteverket med mykje lys ut av vindauga

 

 

 

 

 Karbidproduksjon starta på smelteverket like ved  kraftstasjonen i juli 1918.

 

Gamalt foto av ingeniørar i stasjonen

 

8. juli 1918 starta prøveproduksjon i Bjølvo kraftverk med første aggregat i maskinhall 1, og 19. september starta også dei to andre aggregata

 

Her ser vi dei tre ingeniørane som utvikla anlegget.

Kraftproduksjonen Bjølvo-prosjektet var eit pionérprosjekt med ei netto fallhøgd på over 800 meter, meir enn det doble av anlegga i Tyssedal og på Rjukan. 

Første byggjetrinn inneheld dam ved Bjølsegrøvatnet sør-aust, synk og lukehus ved Bjølsegrøvatnet sør-vest, ein tunnel til lukehus og ventilhus ved Toppen, ei røyrgate ned til den eldste kraftstasjonen. Der vart det montert tre aggregat, kontrollrom og koplingsanlegg for levering av straum til karbidsmelteverket og samfunnet rundt. I tillegg vart det bygd toppvaktbolig, trallebane med øvre og nedre spillhus langs røyrgata, og taubanar både frå kaia i Ålvik til Toppen og frå Toppen til damanlegget, samt anleggsbrakker, arbeidsvegar og provisoriske bygg og anlegg.

Planane for utbygginga av Bjølvo kraftverk var utvikla før 1916. Alt i 1915 var det tatt høgde for eit nytt byggetrinn, med heving av dam, røyrgate nr. 2 og utbygging av kraftstasjonen. 

Trallebanen, røyrgata, og kraftstasjonen Røyrgata og trallebanen ned mot stasjonen Trallebanen vart lagt slik at ein enkelt kunne montera ei ekstra røyrgate.

Sjå film frå trallebanen i nyare tid, før han vart nedlagt. Publisert av: Bjørn Otto Wallevik

 

Gamalt svart kvit foto av røyrbrot  Gamalt foto av røyrbrot Gamalt foto av røyrbrot  Gamalt foto av røyrbrot Den 20. mai 1919 skjedde eit røyrbrot, i det høgaste fallet som var bygd i landet. Anlegget var så vidt ferdig, og slik skildrar Georg Brochmann hendinga i «De store opfinnelser: Kreftenes utvidelse» (1929):
«Det var meget varmt og solskinnsvær. Øienvidner forteller at de først hørte en lyd som av en kraftig dampsirene, og så en vannsprut stå høit til værs fra røret straks nedenfor det bratteste parti i lien – Storstupet. Noen sekunder efter så man to av rørene på dette sted reise sig med en knekk opover, rørstumper, telefonledninger, vann, grus og sten i en veldig strøm nedover mot kraftstasjonen».

Grunna røyrbrotet og nedgangstider i landet vart karbidproduksjonen innstilt. Etter at røyrgata og trallebanen vart reparert, heldt kraftproduksjonen fram for å levera straum til Bergen by. I 1925 starta smelteverket oppatt med produksjon av ferrosilisium (FeSi) i ein ombygd karbidomn. Dette skjedde med stadige avbrekk fram til 1928. På slutten av 1920-talet og på 1930-talet føregjekk ein  nasjonal og internasjonal drakamp om produksjon og investeringar i Ålvik. Produktet vart ferrokrom. Prøveproduksjon starta i 1934. Epoken er grundig dokumentert m.a. av historikaren Martin Byrkjeland i artikkelen «Spelet om Bjølvefossen» i praktboka «Ferrofolket ved fjorden» (1999).

Gamalt bilete av demning i høgfjellet Gamalt foto av arbeidsfolk

Byggjetrinn 2 var ferdig i 1938, med ny og høgare dam, røyrgate 2 og aggregat 4 i ny maskinhall.

 

Kraftverket og industrianlegget vart no eitt selskap, noko som var uvanleg i slike store kraft- og industriprosjekt. Alle var tilsette ved A/S Bjølvefossen. Ingeniørar, mekanikarar, elektrikarar, snikkarar og andre vedlikehaldsfolk jobba delvis på fabrikken og delvis i kraftanlegget, alt etter behov. Alle budde stort sett i A/S Bjølvefossen sine hus. 

Gamalt foto av festleg samkome      foto av 17. maitog 1918

Mykje hardt arbeid, men litt tid til fest og.

 

Bit av røyrgata med hol, etter sabotasje i 1940

I 1940 var det i ein kort periode brot på begge røyr på grunn av sabotasje, utført av nordmenn som ville hindra tyskarane å produsera krigsmateriell.

 

Foto av kart over nedslagsfeltet

 

 

På 1960-talet vart anlegget bygd ut i høgfjellet, med fleire  mindre dammar og tappetunnelar for å kunne auke  magasinfylling og reguleringsevne. I 1968 vart nedslagsfeltet auka ved at Kassdal pumpestasjon vart sett i drift. Vatnet blir pumpa frå Nedre Goddalsvatnet til Bjølsegrøvatnet.

 

 

Sjå film frå 1970, unge fortel om livet i Ålvik. Publisert av: Karl Georg Nielsen

 

Foto av planteikning av Bjølvo kraftverk

 

 

 

 

 

 

I 1971 vart det bygd ein maskinhall til og nytt kontrollrom i kraftstasjonen. Eit 5. aggregat vart installert.
 

 

I 1993 påla NVE alle kraftstasjonseigarar å fase ut gamle smisveiste røyrgater. Bjølvefossen meinte dette var ein urimeleg kostnad. Statkraft overtok difor Gamle Bjølvo Kraftverk i 1997.

Nye Bjølvo Kraftverk vart bygd, og ligg no inne i fjellet rett vest for den gamle stasjonen, med tunnel frå Bjølsegrøvatnet. I dette prosjektet ligg det ei ytterlegare senking av Bjølsegrøvatnet, heving av Nedre Goddalsvatn og nye bekkeinntak. Nye Bjølvo vart opna 12. mai 2004, og gamle Bjølvo kraftverk stoppa drifta.

Drifta av den gamle trallebanen langs røyrgatene vart avvikla i 2006.

I dei ti åra som har gått etter at produksjonen i Gamle Bjølvo kraftverk vart avvikla har det vore ulike forslag både om sanering og vern av anlegget.

Skrevet av Knut Nordal, NVIM

Historiske foto: AS Bjølvefossen, NVIM, Ålvik Industriarbeidermuseum og Hardanger Folkemuseum Utne

Nye foto: Harald Hognerud, NVIM.

 

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum