Generatoren omskapar mekanisk energi frå turbinen til elektrisk energi. Ein slik maskin kan ein òg kalla ein dynamo – spesielt dersom han produserar likestraum.
Prinsippa for produksjon og overføring av trefase vekselstraum vart introdusert tidleg på 1890-talet. I tiåra etter utvikla generator-, transformator- og brytarteknikken seg i raskt tempo. Den seinare utviklinga av desse hovuddelene i produksjonssystemet har handla mykje om større effekt og større dimensjonar.
Det grunnleggjande prinsippet for ein generator er at det oppstår ei spenning i ein elektrisk leiar som er i rørsle i eit magnetfelt. Denne spenninga er proporsjonal med (dvs. aukar og minkar i samsvar med) styrken i magnetfeltet og med kor raskt leiaren rører seg i dette feltet. Hovudprinsippa er dei same i dag som då elektrisitetsproduksjonen her i landet starta på slutten av 1800-talet. Dette gjelder anten generatoren produserer likestraum eller vekselstraum.
Eirik Øgaard,
Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Artiklane om elektroteknikk er i stor grad basert direkte på:
Jenssen, Thorleif (2006): "Elektroteknikk", i Kulturminner i norsk kraftproduksjon – en evaluering av bevaringsverdige kraftverk (KINK), s. 92-111. Oslo: Norges vassdrags- og energidirektorat. (NVE-rapport 2/2006)
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum