Den 16. april 1973 utvikla det seg ein eksplosjonsarta brann i Tonstad kraftverk. Tre personar miste livet, og det oppstod store materielle skader.
Det som skjedde på Tonstad denne dagen, var at det oppstod ei kortslutning med lysboge i ein oljefylt kabelboks i overgangen mellom transformator og ein 300 kilovolts kabel. Allereie etter 60 millisekund var aggregatet automatisk kopla frå straumnettet. Men sidan generatoren var kopla direkte samen med transformatoren, utvikla det seg raskt til ein svært alvorleg situasjon då generatoren heldt oppe lysbogen ei tid.
Lysbogen skapte eit overtrykk som gjorde at ca. 50 tre kvart toms boltar som holdt kabelboksen saman, blei slitne i sund, og forstøva olje blei slyngt ut i rommet. Dette førte til ei eksplosjonsarta brannutvikling og stor trykkauke i transformatorrommet. Bjelkestengslet av betong mot maskinsalen blei slått ut, og brannen spreidde seg til limtrekonstruksjonar ved lysanlegget. Maskinsalen og tilkomsttunnelen blei raskt fylte av røyk som øydela all sikt og sota fullstendig ned dei delane av lysanlegget som framleis fungerte.
Trykkbølgja gjorde mykje skade, mellom anna velta ein betongvegg, vindauge blei blåste ut, og ståldører blei blåste opp og slått skeive. Ytst i den 750 meter lange tilkomsttunnelen blei den halvåpne rulleporten blåst ut av føringane, og glasfelta attmed blei blåste ut.
Brannen sløkte av seg sjølv på grunn av oksygenmangel.
Ulykka førte til omfattande studium av tekniske løysingar og bygningsteknisk utforming av store kraftstasjonar i fjell. Viktige konklusjonar og tiltak var mellom anna:
Eirik Øgaard, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Artiklane om elektroteknikk er i stor grad basert direkte på: Jenssen, Thorleif (2006): "Elektroteknikk", i Kulturminner i norsk kraftproduksjon – en evaluering av bevaringsverdige kraftverk (KINK), s. 92-111. Oslo: Norges vassdrags- og energidirektorat. (NVE-rapport 2/2006)
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum