Vasskrafta

Søk

Du er her:

Dammar og magasin

Ein dam (i daglegtale ofte kalla demning), har som formål å demme opp eit vassmagasin. Dette kan vere eit inntaksmagasin for eit elvekraftverk eller eit reguleringsmagasin for eit magasinkraftverk.

Ved nokre magasin er det fleire dammar. Som regel er det då ein hovuddam og ein eller fleire mindre dammar, såkalla sperredammar eller sekundærdammar.

Som teknisk konstruksjon er det viktigaste formålet med dammen å halde vatnet på plass i magasinet. Han må vere så tett og sikker at det ikkje oppstår dambrot.

Ein viktig funksjon ved dammen er flaumavleiinga. Dette blir gjort på ulikt vis, avhengig av damtype, kva formål dammen har elles, og terrengtilhøva. Regulering av vassføring og vasstand i magasinet ved flaum kan vere vanskeleg, og gjerast både for å hindre skadar på sjølve dammen og for å unngå skadar i og langs vassdraget.

Mange kraftverk blei bygde i ei tid då tømmerfløting var meir aktuelt enn i dag. Ved dammar i dei store fløtingsvassdraga er det derfor ofte tilrettelagt for fløting med eigne luker og tømmerrenner forbi dammen. I vassdrag med stor isgang har dammane også eigne isluker.

Det er mange typar dammar i det norske vasskraftsystemet. Frå gammalt av finst jorddammar, tredammar, tømmerkistedammar og mur- eller steindammar med torv- eller jordtetning. Dei første blei bygde lenge før ein kunne produsere elektrisitet, i tilknyting til møller, sagbruk og jernverk. I mindre vassdrag er desse damtypane framleis i bruk til vasskraftformål.

Då vasskraftutbygginga kom i gang for alvor frå rundt 1900 var det betongdammar som dominerte. I dag er og dei vanlegaste i norske kraftverk.

Mange dammar er bygde i fleire etappar, eller det er bygd nye dammar fleire gonger på (omtrent) same plassen. Møsvassdammen i Skiensvassdraget i Tinn kommune, og Ringedalsdammen i Tyssedal (sjå under ), er gode døme på dette.


Eirik Øgaard, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Kjelder: Erlandsen, Arne H. (2006): "Vannkraftutbygging i Norge – Grunnlag, utbygginger og utførelse", i Kulturminner i norsk kraftproduksjon – en evaluering av bevaringsverdige kraftverk (KINK), s. 34-69. Oslo: Norges vassdrags- og energidirektorat. (NVE-rapport 2/2006)

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum