Vasskrafta

Søk

Du er her:

Betongdammar

Då vasskraftutbygginga kom i gang for alvor frå rundt 1900 var det betongdammar som dominerte. Betongdammar konstruerast på mange forskjellige måtar, og er saman med steinfyllingsdammar dei vanlegaste i norske kraftverk i dag.

Betongdammar finst som massivdammar (gravitasjonsdammar), lamelldammar, platedammar og kvelvdammar. Kvelvdammar blir også kalla bogedammar, og der det er fleire kvelv eller bogar ved sida av kvarandre nyttar ein nemninga fleirbogedam.

Ein massivdam er eit kompakt byggverk som står imot vasstrykket med sin eigen tyngde. Dammen ved Solbergfoss frå 1923 er ein av dei største massivdammane i landet – 45 meter høg, og dekt med granitt på luftsida. Seinare har ein gått over til andre konstruksjonar for så høge betongdammar. Ein massivdam som skal stå imot eit stort vasstrykk blir svært stor, og dermed kostbar, trass i ei relativt enkel utforming.

Lamelldammar er slanke massivdammar som støttast opp av lamellar av armert betong på luftsida – altså ei slags mellomform mellom massiv- og platedammar. Desse er mindre vanlege i Noreg. Ein av dei norske dammane som finst av typen er ved Olstappen i Vinstravassdraget, magasinet til Nedre Vinstra kraftverk. Dammen der er 25,5 meter høg, og damkrona 140 meter lang.Platedammen blei vanleg etter at armert betong blei teke i bruk. Han er oppbygd av ei skråstilt, armert betongplate som blir støtta på luftsida av armerte betongpilarar. Til ein slik dam trengst det lite betong samanlikna med ein massivdam med same høgd, men konstruksjonen er meir krevjande. Det er bygd ein god del platedammar i Noreg frå omkring 1920 og utover, nokre få over 20 meter høge. Den høgaste er ved Langavatnet i Hordaland, blei ferdig i 1967 med ei høgd på 30 meter, og høyrer til Tysso II kraftverk (i same vassdraget som Tysso I).

Kvelvdammar er økonomisk fordelaktige ved smale damstader, og dei avløyste massivdammane i trange fjelldalar, der dei blei billegare på grunn av mindre betongforbruk. Med ein kvelvdam kan ein dessutan ofte auke høgda, og dermed både magasinkapasiteten og fallhøgda, utan tilsvarande store kostnadsaukar. Kvelvdammane kan byggast slanke og smekre fordi forma gjer at vasstrykket blir overført til fjellet på kvar side av dammen. Dammen ved Vird'nejav'ri, bygd til Alta-kraftverket i 1987, er med sine 110 meter landets høgaste kvelvdam.

Ofte er tilhøva slik at ein kvelvdam kan kombinerast med andre damtypar, med kvelvet over eit djupt parti. Førrevassdammen i Ulla-Førre-utbygginga er ein kombinert gravitasjons- og kvelvdam med ei samla lengd på 1300 meter. Den største høgda i kvelvdamseksjonen er 90 meter, medan største høgd for massivdammen er litt over 30 meter. Dammen er Noregs største betongdam i lengd og volum.

Fleirbogedammen kan ein sjå på som ein kombinasjon av platedam og kvelvdam. Ein brukar kvelv i staden for plater mellom pilarane. Dermed kan avstanden mellom pilarane gjerast vesentleg større enn for ein platedam. Fleirbogedammar krev lite materiale, men bygginga er svært komplisert. To dammar ved Nåvatnet i Vest-Agder og dammen ved Stolsvatnet i Hallingdal (som no blir erstatta av ein fyllingsdam) er eksempler på fleirbogedammar. Ved Nåvatnet er kvelva skråstilte, i Stolsvassdammen er dei loddrette.


Eirik Øgaard, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Kjelder: Erlandsen, Arne H. (2006): "Vannkraftutbygging i Norge – Grunnlag, utbygginger og utførelse", i Kulturminner i norsk kraftproduksjon – en evaluering av bevaringsverdige kraftverk (KINK), s. 34-69. Oslo: Norges vassdrags- og energidirektorat. (NVE-rapport 2/2006)

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum